top of page

Kva kan du gjere på fedje?

Skal du til Fedje? Då har du mykje å sjå fram til! Om sommaren blir Fedje trylla om til eit ferieparadis. På fine dagar kan ein nyte dagen utandørs ved å ta ein tur i Nordsjøløypa, bade på badestranda, oppleve havet frå ein båt, eller kanskje besøkje Landhandelen for å kjøpe is? Eller kanskje du vil ta turen innom Strikkebua, ete middag på Pernille eller få ein omvisning på Feddie Ocean Distillery? Under inn du ei oversikt over ting du kan gjere på Fedje! 

Fedje si dagsturhytte er ein meget populær destinasjon. Her kan du slappe av med ein kaffikopp og nyte utsikta mot storhavet og fyrtårnet. Hytta er utstyrt med lokale sitteunderlag og nynorsk bibliotek. Du finn Dagsturhytta på kartet i turistbrosjyra.

 

Nordsjøløypa er tre stier gjennom natur- og kulturhistoria på Fedje, og vert flittig brukt av både lokale Fedjingar og turistar. Her kan man få eit godt avbrekk i fin natur, samtidig som ein kan lære meir om dyr og natur på Fedje. 

På Fedje har me tre Nordsjøløyper. Det er fint mogleg å gå alle tre i ei lang sløyfe som ein dagstur. Trykk på bilete for å laste ned brosjyre.

 

Gå på ut.no (turistforeninga sine nettsider) og sjekk diverse stier på Fedje: Dagsturhytta, topptur til Fedjebjørnen, kajakkturar og sykkelturar.

 

Om du går inn på nettsida ut.no med mobilen din, kan du gå inn på kartet og sjekke at du følg løypa.

Badestranda

 

Sjølv langt til havs som på Fedje kan ein få seg eit varmt bad når sommaren først har slått til. Badestranda ved Husavatnet er eit populært utfartssted i varmt sommarvêr.

 

Husavatnet er eit brakkvatn og vert difor raskare varma opp enn sjøen utanfor. Her er det laga til ein fin badeplass med ein liten strand, plattingar, flytebrygge med meir. Det er toalett og bossdunk på området. Ein smal kanal i vest er den einaste forbindelsen mellom Husavatnet og havet. Vatnet er difor godt eigna til symjing, padling og andre vassaktivitetar.

Sykkelutleige
landhandleri.jpg

Utforsk øya på to hjul!

Syklar til leige ved ferjekaia.

Syklar kan hentast/returnerast utenfor Fedje Landhandleri. Vipps etter bruk.

PRIS:  Pr. time: 100,-

           Makspris pr. dag: 300,-

For bestilling eller andre spørsmål kan de kontakta Håkon: 90281190 eller

Niclas: 90870276 eller epost: niclas.mjelstad@outlook.com

Facebook: Fedje Ferietun

Fyrtårnet på Fedje er ikkje berre eit historisk landmerke du bør få med deg, i tillegg kan du (viss veret tillater det) overnatte på det gamle fyret! 
 

Ta kontakt på (+47) 55900061 eller booking@fedjeisland.com for utleige av fyrvakterboligen til overnatting, eller omvisning i fyrtårnet.

Meir informasjon finn du på www.hellisoyfyr.no eller facebooksida Hellisøy fyr. 

 

Kulturløypa er Fedje si versjon av stolpejakta, der du jakter på QR-koder og får historie på kjøpet!

 

Jakta startar ved Fiskarkona på ferjekaia. Du kan følgje kulturløypa med mobil eller med brosjyre. ​Trykk på bilete for å starte!

 

Fedje vart involvert i 2.verdenskrig kort tid etter utbrotet. Okkupasjonsmakta fekk etablert eit festningsanlegg i Vinappen. Her vart det mellom anna sett opp eit radartårn på 40 meter. I Vinappen er det mogeleg å spasere omkring og sjå på ein god del restar etter dette festningsanlegget. Trykk på bilete for å laste ned brosjyre.

lyr.jpg

Kurt Rogevær er lokalkjent fiskeguide på Fedje. I fleire år har han teke turistar med på fisketurer til havs i sjark. I år er dette også mogeleg!

Booking og informasjon: 

Tlf: (+47) 90019269

E-post: rogronge@hotmail.com

 

Facebook:Kurt Rongevær.

 

Erfarne og lokalkjende fiskeguidar tilbyr deg havfiskeopplevingar

og overnatting!

Booking og informasjon:

Tlf: (+47) 958 99 667 eller (+47) 996 46 514

E-post: toregismervik@gmail.com eller
hanne_mia@hotmail.com

Nettside: www.fedjefiskeogbo.com

Facebook: Fedje fiske og bo

På Fedje landhandleri er det ikkje berre smakfulle bakverk, spanande krimskrams og deilig is. Du finn og utstillinger frå lokale kunstnarar, mellom anna populære Eide Glass.

Eide Glass er den lokale glassmakaren som lagar unike suvenirar, smykker, eller dekorative duppedingsar mellom anna inspirert av lokal fauna.Trykk på bilete for nettside.

Strikkebua er den hyggelege bua i Elisabeth Husa si idylliske hage.

Her finn du ein bred kolleksjon av heimestrikka og heimesydde plagg.

Du kan og kjøpe garn om du ønskjer å strikke noko sjølv.

Telefon: 958 13 620 (Elisabeth) eller 906 69 831 (Kristin).

Addresse:  Mulevegen 27

Vil du sjå og lære meir om korleis ein lager whisky og gin? På destilleriets «Ocean Whisky Tour» vil du ikkje berre lære om korleis Feddie lager sine produkt, både whisky, gin og akevitt.

 

Feddie Ocean Distillery finn du i eit nedlagt fryseri på kaien på Fedje. Her venter ein heilt spesiell omvisning, kvar du får sjå, lukte og smake. Destilleriets guide viser deg alle delar av ein whiskyproduksjon, samt introdusere deg til den spennande visjonen til Feddie. Du kan lese meir om Feddie Ocean Distillery og omvisning på deira nettside. 

Nettside: www.feddiedistillery.no

E-mail: omvisning@feddiedistillery.no
 

Ribtur Fedje rundt med omvisning på Hellisøy fyr

Kor: I skjærgården rundt Fedje med stopp på Hellisøy fyr
Tid: Ca. 1,5 time inkludert omvisning i fyret
Sted: Avgang frå Fedje Mek, Kopper 13
Pris: Kr 550 per person
Antall: maks 12 personar

Nettside: www.fedjeisland.no
Bestill: booking@fedjeisland.no

Turistinformasjon:

fedjelandhandlerias@gmail.com
(+47) 909 77 203

 (mellom kl.12-18)

bottom of page