Landsbyen i havet
scroll down for english
11.HELLISØY FYR
Fyrsundvegen tar deg til Hellisøy fyr, det siste stopp i kulturløypa.
Hellisøy fyr er eitt av to fyr i Fedje kommune. Holmengrå fyr ligg heilt nord i kommunen, eit godt stykke unna hovudøya, medan Hellisøy fyr ligg i sør, berre eit steinkast frå land.
Fyret vart tent i 1855. Det karakteristiske støypejernstårnet har ei høgd på 33 meter og ei lyshøgd på 46 meter over høgvatn. Dette fyret var det andre støypejernstårnet som vart bygd i Noreg. Den nedste delen var levert av Bærums verk, og den øvre delen av Horten Mekaniske Verksted. Sjølve fyrtårnet er bygd av 1-toms jernplater og er fora med 35000 murstein. Dei to nedste etasjane er så å seia fyllte med stein. Det var eit stort prosjekt og opptil 95 mann arbeidde på fyranlegget i byggeperioden.
I 1954 vart fyret elektrifisert med straum frå land. I januar 1989 vart Hellisøy fyr automatisert, men på grunn av dei meterorologiske observasjonane vart ikkje fyret nedbemanna før i 1992.
Fyrvaktarbustaden ved Hellisøy fyr
Det vart og bygd bustadhus for fyrvaktaren og familien hans, og til "fyrkarlen". Denne bustaden brann ned i 1902, og året etter vart det oppført to nye hus, eitt til fyrvaktaren og eitt til fyrvaktarassistenten. I mange år heldt dei eit par kyr og sauer her ute. Det vart og oppretta meteorologisk stasjon 1924, men denne tenesta er no automatisert.
Fyrmeisterbustaden vart modernisert og ombygd i 1968, og det vart innreidt hyblar og fellesrom.
Vil du ha ei heilt spesiell oppleving kan du overnatta i fyrvaktarbustaden på Hellisøy.
Kontakt:
Tlf: (+47) 461 96 446.
Heimeside: www.hellisoyfyr.no
11.Hellisøy lighthouse
You find the Hellisøy Lighthouse on the south end of the island, at "Fyrsundet,"west of Stormark. Follow the road "Fyrsundvegen."
The lighthouse was first lit in 1855. It is made in cast iron and and stands at 33 meters tall.
It was the second cast iron-tower in Norway.
In 1954 the lighthouse started to work on electricity and it was automated in 1989. There was a keeper at the lighthouse until 1992.
The first housing for the light keeper burnt in 1902. Two new buildings were erected the following year, one for the keeper and one for the assistant keeper and their families. For many years the families kept a couple of sheep and cows here. A meteorological station was started in 1924. That too is automated today.
The living quarters were modernised in 1968.
Today, it is possible to rent and stay at the lighthouse!
Contakt:
Tlf: (+47) 461 96 446.
Heimeside: www.hellisoyfyr.no