top of page

scroll down for english

5.Bjellands fabrikk nr. 8

Du kan sjå fabrikken frå kaia ved Matkroken. det er mogleg å ta kabelferja over til fabrikken eller du kan gå bilvegen rundt.

 

I mellomkrigstida kjøpte Feie Tranfabrikk A/S tomt i Rongsvågen, bygde kvalstasjon og byrja produksjon av tran. Dei kjøpte inn brugdelever og spekk og bein frå vågekval, men produksjonen stansa i 1960-åra grunna råstoffmangel.

 

I mellomkrigstida hadde ein også lagt planar for eit fryseri på Fedje, slik at tilgangen på is og agn til fisket var sikra. Det var også viktig å ta vare på råstoff som makrell, sild, størje og kval. I 1953 bygde Chr. Bjelland ein hermetikkfabrikk her. I 1982 gjekk alle hermetikkfabrikkane i Noreg saman og skipa Norway Foods, for å møta konkurransen utanfrå.

 

Fabrikken på Fedje vart nedlagt i 1995.

Tekst: Helge Sunde

Tekst henta frå: www.grind.no/nordhordland/fedje

I dag kan du blant anna leie lokale til fest i fabrikken. Det er og ein restaurant her, og ei nydeleg kai.

5. the sardine factory

Feie Tranfabrikk A/S built a whaling station and started the production of cod liver oil in the interwar period. They stopped the production in the 1960s on account of shortage of raw materials.

The factory that still stands, was built in 1953 by Chr. Bjelland. It was taken over by Norway Foods in 1982.

The last year of production was in 1995.

Today the old factory serves as a venue for parties, it has a restaurant and you can rent apartments in the building.

bottom of page