scroll down for english

10.STORMARK

Stormark ligg heilt sør på Fedje. Du kan følgje hovudvegen.

Du kan sjå myrområdet frå bilvegen. Banevegen kan du sjå om du følgjer Stormarkvegen og tar inn mot Fyrsundvegen. 

Fyrsundvegen tar deg til Hellisøy fyr, det siste stopp i kulturløypa.

 

Torv blir danna når organisk materiale som gras og lauv ikkje råtner grunna mangel på oksygen. Dette kan skje i område med mykje fukt, som i ei myr.

I steinalderen vart skogen på Fedje rydda. Dette gjorde fordamping av fukt i jorda vanskelegare. Grunnlaget for myrtorva på Fedje vart lagt.

 

I 1875 vart Fedje seld til Fedje Torvkompani for 14 000 spesidaler.

Banevegen på Stormark har namn etter jernbana som gjekk der. Torv var storindustri på Fedje, spesielt under fyrste verdskrig. Jernbana vart bygd for å frakte torv til hamna på Stormark, og den var i drift før den eldste delen av Bergensbanen.

Den kommersielle stordrifta tok slutt i mellomkrigstida.

Innbyggjarane på Fedje henta framleis torv til bruk i heimen.

Heilt sidan vikingtida fram til 1950- talet var torv ein del av kvardagen i Noreg.

1955 kom elektrisiteten til Fedje gjennom ein sjøkabel. Torva vart avleggs.

I dag kan ein framleis sjå dei djupe spora etter torva som vart henta ut frå Stormark. 

Sjå bilete av jernbana her

10.STORMARK

Follow the main road south to get to Stormark.

 

You can see the peat bog area from the main road, and you can see "Banevegen"if you follow the road "Fyrsundvegen" off the main road at Stormark. 

"Fyrsundvegen" takes you to the Hellisøy Lighthouse, the last stop on the trail.

Peat is formed when organic materials such as gras and leaves are accumulated without completely decaying. This is due to a lack of oxygen and can happen in places with excessive moisture in the soil.

In the Stone Age, the forests of Fedje were cut down. This caused moisture to be trapped in the soil and peat was formed.

 

Fedje was bought by the Fedje Peat Company in 1875.

«Banevegen» (literally «The Railway») at Stormark is named after the railway that went there. Peat was a major industry on Fedje, especially during the First World War. The railway was built to bring the peat from the bog down to the harbour at Stormark. It was operational even before the oldest part of the "Bergensbane".

The large commercial operations ended around 1920, but the people of Fedje still collected peat for use in their homes.

Peat has been used in Norway since the Viking Age up to the 1950s.

In 1955 the electricity arrived on Fedje through a sea cable. The peat became obsolete.

Today you can still see the deep cuts in the peat bogs at Stormark. The remnants of an industry that helped form the Fedje of today.

Take a look at the old railway on Fedje here

© 2018 by

Fedje kommune

Stormarkvegen 49
5947 Fedje

Tlf: 56165100

postmottak@fedje.kommune.no