Landsbyen i havet

 

HOVUDØYA i Fedje kommune har ei utstrekning på 7,2 km². I tillegg kjem over hundre små øyar og skjer. All busetnaden er på hovudøya, og landsbyen ligg rundt dei lune, naturlege hamnene i nord. Her ligg òg ferjekaia, butikkar, kyrkje og bedehus, spisestadar, kommunehus og andre sentrumsfunksjonar.

 

 

TRAFIKKSENTRALEN til Kystverket Vest er eit synleg landemerke i nord, i Vidnappen. 

Den er bygd på tuftene av ein tysk radarinstallasjon frå andre verdskrigen. Fleire andre synlege krigsminne frå andre verdskrigen kan sjåast i Vidnappen. Ved trafikksentralen står òg  minnesmerke over boreriggen Deep Sea Driller som gjekk på grunn 1. mars 1976 i fjøresteinane på Fedje. Dette var den første store ulukka på norsk sokkel. Seks menn omkom.

 

 

U-864 er ein tysk ubåt som vart senka av den britiske ubåten HMS Venturer den 9. februar 1945. Ombord var det krigsmateriell meint for Japan, mellom anna om lag 65 tonn kvikksølv. Ubåten ligg på 150 meters djup om lag 4 km vest av Vidnappen. 

Dette var fyrste gong i historia at ein neddykka ubåt blei senka av ein annan neddykka ubåt. U-864 vart gjenoppdaga i 2003 av det norske Sjøforsvaret.

 

 

SØR PÅ ØYA finn vi Stormark, med eit fint naustmiljø og Hellisøy fyr. Fyret vart tent for fyrste gong i 1855. I dag er fyret automatisert. Banevegen på Stormark har namn etter jernbana som gjekk der. Torv var storindustri på Fedje, spesielt under fyrste verdskrigen. Jernbana vart bygd for å frakte torv til hamna, og den var i drift før den eldste delen av Bergensbanen.

 

 

I UTMARKA er lyngheier og myr den dominerande landskapstypen. Rundt den sørlege delen av øya kan du følgje Nordsjøløypa og oppleve det låglendte lyngheilandskapet.

 

 

OVER 200 FUGLEARTAR er registrert i Fedje kommune, til dømes dei raudlista artane 

svartand, havørn og vassriksa. Fedje er òg heim til hjort og villkanin. Stamma av villkanin på Fedje vart henta frå Shetland i 1875 og var den fyrste stamma i Noreg.

 

 

FISKE og kvalfangst har vore viktig for Fedje i mange generasjonar. Det er mange gode fiskeplassar rundt øya, anten du fiskar frå båt eller frå land.

VELKOMMEN TIL FEDJE!

© 2018 by

Fedje kommune

Stormarkvegen 49
5947 Fedje

Tlf: 56165100

postmottak@fedje.kommune.no