Landsbyen i havet

Kva kan du gjere på fedje?

yoga_edited_edited.jpg

Yoga Dar Sø har retreats heile helger, nokre gonger kombinert med andre aktivitetar som til dømes fisking eller enkelttimar. Det vert tilbydd mange ulike typar Yoga for deg som er nybyrjar eller vidarekomen. Les meir på facebook, Yoga Dar Sø.

Svømmehallnøkkel.jpg

På Fedje Landhandleri kan du leige nøkkel til svømmehallen.

Det kostar kr 100 for ein dag og kr 400 for 1 veke.

Trykk på biletet for å komme inn på facebooksida til Fedje Landhandleri, der du kan få meir informasjon om dette.

Hellisøy fyr kan legge til rette for ulike aktivitetar og utleige av til dømes:
- Sup-boards - Kajakk- Tube/bananbåt- Fun balls- Vannscooter- Havrafting (dette kan også bestillast frå Bergen til Fedje)
Guidet tur i fyrtårnet på bestilling. 1200,- kr for grupper opp til 12 personar.
​Større grupper: pris etter avtale. 

Booking og informasjon:

Tlf: +47 461 96 446

E-post: hellisoyfyr@gmail.com

Nettside: www.hellisoyfyr.no

Facebook: Hellisøy Fyr

 

"Sankaren" tilbyr natur- og matopplevingar på Fedje. Han høster råvarar frå naturmiljøet på øya. Gjerne laga ute i naturen på eit bål eller ein grill. Opplegg for dagsturistar,  «blåtur», privatpersonar, skular,  lag- og foreninger, familiar, etc

 

Booking og informasjon:

Tlf. (+47) 970 81 677 

E-post: post@sankeren.no

Nettside: www.sankeren.no

 

Strikkebua på Fedje er ope tysdag, torsdag og fredag frå kl.16 -19. og laurdag frå 12 - 16! Her kan ein kjøpe både garn og ferdigstrikk.

Utenom opningstid kan du ringe 958 13 620 eller 975 18 864.

Adresse er Mulevegen 27,  vis-à-vis sjukeheimen.

 

Nordsjøløypa er tre stier gjennom natur- og kulturhistoria på Fedje.

Det er tre Nordsjøløyper på Fedje. Det er fint mogleg å gå alle tre i ei lang sløyfe som ein dagstur. Trykk på bilete for å laste ned brosjyre.

 

Sjølv langt til havs som på Fedje kan ein få seg eit varmt bad når sommaren først har slått til. Badestranda ved Husavatnet er eit populært utfartssted i varmt sommarvêr. 

Husavatnet er eit brakkvatn og vert difor raskare varma opp enn sjøen utanfor. Her er det laga til ein fin badeplass med ein liten strand, plattingar, flytebrygge med meir. Det er toalett og bossdunk på området. Ein smal kanal i vest er den einaste forbindelsen mellom Husavatnet og havet. Vatnet er difor godt eigna til symjing, padling og andre vassaktivitetar.

 

Erfarne fiskeguidar tilbyr deg havfiskeopplevingar

og overnatting. 

Booking og informasjon:

Tlf: (+47) 958 99 667 eller (+47) 996 46 514

E-post: toregismervik@gmail.com eller
hanne_mia@hotmail.com

Nettside: www.fedjefiskeogbo.com

Facebook: Fedje fiske og bo

Utleige av brett,  booking av kurs og anna  på førespurnad.  Kurs og padleturar vert óg annonsert på Pernillekafeen si facebookside.

Booking og informasjon:

E-post: hegeglesnes@icloud.com

Tlf:  90774634.

Facebook: Pernillekafeen på Fedje

 

Fedje vart involvert i 2.verdenskrig kort tid etter utbrotet. Okkupasjonsmakta fekk etablert eit festningsanlegg i Vinappen. Her vart det mellom anna sett opp eit radartårn på 40 meter. I Vinappen er det mogeleg å spasere omkring og sjå på ein god del restar etter dette festningsanlegget. Trykk på bilete for å laste ned brosjyre.

 

Kulturløypa startar ved Fiskarkona på ferjekaia. Du kan følgje kulturløypa med mobil eller med brosjyre. ​Trykk på bilete for å starte!

 

Eide Glass er den lokale glassmakaren som lagar unike suvenirar, smykker, eller dekorative duppedingsar mellom anna inspirert av lokal fauna. Du finn glasskunsten på Fedje landhandleri. Trykk på bilete for nettside.

 

På Fedje kan du mellom anna finne brosjyrar på det gamle posthuset vis-à-vis Landsbykafeen, på Fedje landhandleri ved ferjekaia og på Ferjekaibiblioteket!

Om sommaren er posthuset ope for turistar

 

Ein fedjing tilbyr guiding i landsbyen i havet. Eg tilbyr gåande guiding og bussguiding. Ring meg og avtal nærare!

Pris gåande guiding: 100 kr per person per time

Guiding med medbrakt buss: 1000 kroner per time

Booking og informasjon:

Tlf: (+47) 416 04 939

E-post: fjaerhaug.fedje@gmail.com

© 2018 by

Fedje kommune

Stormarkvegen 49
5947 Fedje

Tlf: 56165100

postmottak@fedje.kommune.no